Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pensjonistar får 4000 kroner ekstra

ØKONOMI: Einslege minstepensjonistar får ein ekstrapott på 4000 kroner. Dette gjeld òg dei som var minstepensjonistar i 2020, men pengane kjem til utbetaling i 2021. Pengane kjem til utbetaling over jul, så snart det er teknisk mogleg. Det kjem fram av semja mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og Framstegspartiet om salderinga av årets statsbudsjett. – Inkludert den tidlegare budsjettsemja sørgjer vi i dag for at einslege minstepensjonistar får fleire tusen kroner ekstra i 2021, seier Framstegspartiets finanspolitikar Hans Andreas Limi.©NPK