Eg har middels flyskrekk. Ikkje sånn at eg aldri kan fly, eg får meg til å gjera det kanskje nokre gongar i året om eg må. Men så mykje at nervene står i høgspenn og sist gong eg flaug byrja eg å grina fordi piloten snakka strilemål. På den eine sida er det fint, det hjelper meg å velja meir miljøvenlege reisemåtar. Når eg sit der, tårene redd frå augo som er synlege over munnbindet, treng ein ikkje doktorgrad i psykologi for å forstå kva som hender. Eg sat eit stykke fram i flyet og når blikket mitt vandra rundt, såg eg flyvertinna som sat på stolen med ryggen til piloten såg meg. Ho tok peikefingeren og langfingeren mot augo sine og så peika dei mot meg. Det internasjonale «eg ser deg»-teiknet.
GAVE: Statsminister Erna Solberg vil at dagpengemottakarar skal kunne studere medan dei er utan jobb. FOTO: FREDRIK HAGEN, NTB Fredrik Hagen
Ordninga vart innført som eit mellombels koronatiltak 20. april og er foreslått å gjelde til 1. juli neste år. Regjeringsforslaget som i går vart sendt på høyring, vil gjere ordninga permanent etter dette.