Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dagpengeordning kan bli permanent

GAVE: Statsminister Erna Solberg vil at dagpengemottakarar skal kunne studere medan dei er utan jobb. FOTO: FREDRIK HAGEN, NTB Fredrik Hagen

HØYRING: Retten til å ta utdanning medan ein får dagpengar bør gjerast permanent, meiner regjeringa, som har sendt eit forslag om dette på høyring.

Ordninga vart innført som eit mellombels koronatiltak 20. april og er foreslått å gjelde til 1. juli neste år. Regjeringsforslaget som i går vart sendt på høyring, vil gjere ordninga permanent etter dette.