TUNG TID: Hotellbransjen i Møre og Romsdal har kome seg godt ut av pandemien samanlikna med andre. Men etter nye restriksjonar mista Quality i Ålesund alle julebookingar.
Midt i Ålesund sentrum ligg Quality Hotel Waterfront. Næraste nabo for tida er hurtigruteskipet MS Fridtjof Nansen, som i september vart råka av eit koronautbrot. Vidare langs kaiane i byen ligg tre hurtigruteskip til. Over fjorden ligg eit femte.