Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I 2020 fell enkel «girl power» og fetisjering av kinesiske artefaktar på steingrunn.

Frieri i utakt med tida

HELTINNE: Yifei Liu som Mulan, ei kysk skjoldmøy som kan vinna mannsære og -respekt. FOTO: NORSK FILMDISTRIBUSJON

Niki Caros «Mulan» fell mellom alle stolar.

(USA, 2020)

Regi: Niki Caro.

Manus: Rick Jaffa og Amanda Silver med fleire, basert på det tradisjonelle, kinesiske diktet «Balladen om Mulan».

Med: Yifei Liu, Tzi Ma, Yoson An, Jet Li, Donnie Yen, Li Gong, Jason Scott Lee.

Lengde: 1 t. 55 min.

Aldersgrense: 12 år.

Vist på: Disney pluss.

I dag blir Disneys spelefilmversjon av deira eigen teiknefilm «Mulan» (1998) gjort tilgjengeleg for norske abonnentar på Disney pluss. «Mulan» skulle ha vore ein av dei store påskefilmane på kino i år, men enda opp som «lokkebiff» i Disneys eiga strøymeteneste. Disney pluss har ekspandert kolossalt blant eit heimeisolert publikum, samstundes som morselskapet har tapt stort på grunn av korona-stengde Disney-parkar og kinoar verda rundt.