Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Berre Oslo vil kutte kjøttet

KJØTT: Ti av elleve fylke er skeptiske eller negative til kjøttkutt som klimatiltak. Men Oslo vil satse på meir vegetar. Det viser ein gjennomgang som avisa Nationen har gjort av høyringsinnspel til den nye klimaplanen til regjeringa, som skal leggjast fram før jul. Fleire fylkeskommunar gir i høyringa uttrykk for skepsis til å redusere kjøttforbruket som eit tiltak for å få ned klimautsleppa. Frykta er at dette vil gå ut over sysselsetjing og busetjing, og at areal vil gå ut av drift. Oslo skriv derimot at kommunen vil redusere kjøttforbruket og lage ein handlingsplan for meir vegetar. ©NPK