Sett frå lenestolen min handlar presidentvalet i USA om å sitja still og sjå på at folk som landet vårt har gjort seg avhengig av, som me har bygt forsvar og tryggleik på, skyt seg sjølve i føtene. Ikkje berre har dei ein nominasjonsprosess der dei beste kandidatane blir luka ut ein etter ein. Ikkje berre tviheld dei på eit utdatert system der den som får flest stemmer, likevel kan tapa valet. Dei greier ikkje eingong å telja opp stemmesetlane utan å gå i ball.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.