Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • Sjølv om regjeringa har stramma inn og innført ei rekkje nye koronatiltak, meiner Espen Nakstad i Helsedirektoratet at situasjonen var langt verre i mars. Sist døgn vart det registrert 433 nye koronasmitta i Noreg. Sjølv om dette er det høgaste talet så langt under pandemien, meiner Folkehelseinstituttet at Noreg ikkje har noka ny, nasjonal bølgje, og situasjonen er langt mindre dramatisk enn i mars. Det synspunktet deler assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad, skriv VG. – Det er ikkje like dramatisk akkurat no, for i mars testa vi kanskje berre ein tiandedel av alle som var sjuke, no testar og finn vi antakeleg halvparten av dei, seier Nakstad til avisa. ©NPK