Rasisme er ikkje velkomen, korkje i norsk fotball eller andre stadar i samfunnet. Ute i verda er heile supportergrupper gjennomsyra av rasisme og høgreekstreme. To døme er Mussolini-klubben Lazio, der supporterane hadde banner med teksten «Auschwitz er heimlandet dykkar, omnane er heimane dykkar» og Zenit St. Petersburg-supporterar som la fram eit manifest for ein klubb utan farga eller homofile spelarar. I Noreg fekk Kristiansund-spelar Amahl Pellegrino for nokre veker sidan taktfaste, rasistiske rop etter seg i Ålesund, og i helga ropa ei vakt (!) i Sandefjord «stopp den apekatten der» etter Vålerenga-spelar Ousmane Camara.
UPOP: Ruth Grung er ute frå stortingslista til Ap i Hordaland.FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB Håkon Mosvold Larsen
I går la nominasjonskomiteen for Ap i Hordaland fram ei endeleg innstilling til stortingslista for valet i 2021 med to dissensar på dei fem øvste plassane.