Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eg hadde nettopp gjort ferdig ein velskapt ung gut i blå dongeri.

Stygge strekar

Då Bjørneboeromanen «Uten en tråd» var oppe til vurdering i byretten i Oslo i 1967, sat forfattaren og teikna karikaturar av advokatar og domarar med stygge fjes og overhendige ståpikkar. Slik teikna han sikkert lærarane sine òg den tid han gjekk på skulen i Kristiansand, i margen på kladdeboka, synleg frå dei næraste pultane, men utanfor rekkevidd frå kateteret. Så kunne dei ha det så godt.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.