Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bolivia går til val i morgonMas-politikar med sterke skuldingar mot regjeringa

Kjempar mot mektig elite

KLINSJ: Tilhengere av høyrekandidaten Carlos Mesa og eks-president Evo Morales i sammenstøt over valgresultatene ved forrige valg i Santa Cruzfor cirka ett år siden.FOTO: DANIEL WALKER, AFP/NTB

VAL: Overgrepsskuldingar og svertekampanjar har hengt over sosialistpartiet Mas i valkampen. I morgon går eit djupt splitta og kriseramma land til val.

– Det siste året har vore intenst, seier Adriana Salvatierra på telefon frå byen Santa Cruz til Klassekampen:

– Eg har fleire partifellar som har opplevd trugslar. Ei fekk heimen sin tent på.

Salvatierra var president i det bolivianske senatet frå januar til november 2019. Ho trekte seg som senator under krisa i fjor, etter å ha vore senator sidan 2015 som medlem av partiet Rørsle for sosialisme (Mas).

Klassekampen snakkar med Salvatierra torsdag kveld, tre dagar før valet.

– Det er ein uroleg atmosfære. Eg ser mange kjøper inn bensin og nødvendige matvarer, seier Salvatierra.

I tillegg til ein pandemi har Bolivia lagt bak seg eit år med stor politisk uro. Tidlegare senator Jeanine Áñez erklærte seg som president i vakuumet som oppstod etter presidentvalet i 2019, medan ho heldt Bibelen høgt og ropa «Ære vere gud».

Lengesittande president Evo Morales frå Rørsle for sosialisme (Mas) vann valet, men etter klagar om valfusk, som seinare er tilbakevist av mellom anna The New York Times, vart han tvinga ut av landet av militæret.

Hendingane vert omtalt som eit kupp.

Skittent spel

Favorittkandidatane i valet, om ein skal tru meiningsmålingane, er økonomen Luis Arce frå Mas og Carlos Mesa frå sentrumspartiet Sivilsamfunn (CC).

– Mas har kjempa i motbakke denne valkampen, seier Even Sandvik Underlid, forfattar og Latin-Amerika-ekspert:

– Svertekampanjar og rettsforfølging med tvilsame klager har blitt brukt for å svekke posisjonen til Mas. Dei har kjempa mot ein mektig elite og stigma i media,

«Eg har fleire partifellar som har opplevd trugslar, og ei som fekk heimen sin tent på»

ADRIANA SALVATIERRA, TIDLEGARE MAS-POLITIKAR

Mars i år meldte Reuters at Bolivias justisminister klaga tidlegare president Evo Morales for seksuelle overgrep og å ha innleia eit forhold til ei 16 år gammal jente.

Jenta, no 19 år, fortalde i eit brev til Bolivias ombodsmann at politiet tvang ho til å påstå å ha eit forhold til Morales og at politiet truga med å klage ho for terrorisme dersom ho ikkje sa det politiet bad ho sei, meldte Reuters.

Ytre høgreside

– Dei eigentlege intensjonane til Áñez kom klart til syne då ho kunngjorde sitt eige presidentkandidatur, seier Salvatierra.

Opphavleg lova Áñez å vere midlertidig president for å «vareta» demokratiet fram til nytt val. Áñez meldte sitt kandidatur til valet i januar, men har ikkje lykkast med ein brei appell, og 18. september annonserte ho på Twitter:

«I dag set eg til side mitt kandidatur som president i Bolivia, for demokratiets skyld».

Fleire kandidatar på høgresida har trekt seg i eit forsøk på å samle motstand mot Mas, seier Underlid.

Han peiker på at høgresida likevel er delt, mellom anna mellom kandidatane Carlos Mesa og Luis Camacho, som har låge lenger bak på meiningsmålingane.

– Mesa er klart den mest salbare figuren. Han er ein veltalande, kvit mann som går for å vere ein liberal bykandidat. Camacho på si side er med i ein bevegelse som bruker fascistisk symbolikk, seier Underlid.

Mesa tapte mot Morales i fjorårets val, men sat som Bolivias president frå 2003 til 2005, då han gjekk av etter press og uro knytt til gasspolitikk. Han har ikkje alltid vore sentrumskandidat: Han var visepresident for Gonzalo Lozada og høgrepartiet Den nasjonalrevolusjonære bevegelsen (MNR), som i 2003 styra landet under store opptøyar.

Over 70 menneske døde i protestane mot regjeringas pro-amerikanske marknadsliberale finanspolitikk.

Usikre målingar

– At Morales og fleire andre medlemar av Mas måtte flykte i eksil i fjor, har svekka partiet, og det er på fleire måtar imponerande at Mas har klart å samlast bak to kandidatar, seier Underlid.

Som presidentkandidat stiller Luis Arce saman med visepresidentkandidat David Choquehuanca, og medan Arce kan tenkast å trekke middelklasseveljarar, kan Choquehuanca vere viktig for å halde på den tradisjonelle urfolkstilhøyrsla for Mas, skriv magasinet Jacobin. Choquehuanca er aymara, ei stor urfolksgruppe i Bolivia, og tidlegare fagforeiningsleiar.

– Meiningsmålingane i Bolivia er ikkje alltid presise og fangar til dømes gjerne ikkje opp stemmer frå landsbygda. I tillegg kan visse målingar favorisera visse parti, seier Underlid og legg til at dette er tilfelle for begge politiske sider.

Ifølge meiningsmålinga Your Vote Counts får Arce 33 prosent medan Mesa får 26 prosent, melder Reuters.

Bolivia har ny president allereie etter første valrunde dersom kravet om meir enn 40 prosent av stemmene og meir enn 10 prosent fleire stemmer enn den næraste konkurrenten er møtt.

– Dersom Arce vinn første runde, må ein spørje seg om dei som sto bak eit statskupp, vil vere villig til å godta det, seier Underlid.

Økonomisk mirakel

Luis Arce sat som finansminister under Morales. Han får æra for 14 år med stabil økonomisk vekst, massiv fattigdomsreduksjon i tillegg til storstilte industrialiseringsprogram for gass, olje og litium, ifølge magasinet Jacobin.

– Arce er arkitekten bak våre økonomiske modellar. Han kan ta Bolivia ut av den økonomiske krisa. Arbeidsløysa har skutt i vêret, og folk har måtta kjempe for å overleve, seier Salvatierra.

Nokre av utfordringane Arce møter, er å vinne tilbake veljarar som har gått tapt fordi dei ikkje ønsker det store personfokuset som Morales i leiinga føra med seg.

– Samla sett var Morales litt som Gerhardsen i Noreg. Han bygde opp ein slags type minimums velferdsstat, seier Underlid.

Korrupsjonsskandalar

Ifølge avisa The Guardian har regjeringa til Áñez trakassert og fengsla regjeringskritiske journalistar.

Áñez sin innanriksminister, Arturo Murillo, har truga med å sende jagarfly til Chapare-regionen, kor Mas har stått sterkt og kokadyrking er sentralt. Murillo sin intensjon skulle vere å ta opp kampen mot påståtte narkotikasmuglarar.

– Regjeringa på si side har tappa statskassa for pengar og vore ute for fleire korrupsjonsskandalar, seier Underlid.

«Respiratorsaka» (Caso respiradores) er eit døme: Ifølge magasinet Jacobin skal regjeringa ha kjøpt inn fleire hundre respiratorar og betalt langt meir enn den reelle kostnaden. Mellomlegget skal ha gått i lomma på regjeringsmedlemmar.

– Regjeringa har vist sitt sanne ansikt i møte med pandemien. Dei har styrt utan kurs, og me har sett fleire døme til at regjeringsmedlemmane har brukt helsepandemien til eigen berikelse, seier Salvatierra.

Git: master, Env: production, Sanity: production