Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Statsstøtta til HRS har gjeve god utteljing for Frp – og ei rettssak.

Samfunnsoppdraget

«Hatet som spres i samfunnet, kan være godt forankret på venstresiden», skreiv Rita Karlsen på Rights.no, 6. desember 2018. Natta før hadde nokon tagga «Rasisit» på huset til justisminister Tor Mikkel Wara, og freista å setja fyr på bilen hans. Dette var det første av dei fem tilfella av hærverk og trugsmål mot Wara, som no er detalj-skildra i Oslo tingrett.