Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forbruket av mjølk auka i krisa

MJØLK: Før koronapandemien var produksjonen av mjølk i Noreg for høg, og staten betalte 400 bønder for å slutte med mjølkeproduksjon. No blir det for laga lite mjølkskriv NRK. – Det har vore ein krevjande situasjon. Vi rekna med å selje mindre mjølk i 2020 enn i 2019 og derfor tok vi ned produksjonen. Slik gjekk det ikkje, seier konserndirektør Johnny Ødegård i Tine til NRK. Han trur norske forbrukarar i større grad har søkt til tradisjonelle matvarer under pandemien.Så for å kompensere for det auka forbruket må bøndene mjølke dei kyrne som er igjen heile året, mot ti månader elles. På meieria er det meir arbeid og mindre fri.©NPK