Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Tilbakeslag for kvinnekampen

MEIR VALD: Koronakrisa har ført til mange problem, mellom anna permisjonar, innskrenka rørslefridom og at hjelpeinstansar er vanskelegare å nå på grunn av restriksjonar. Eit anna stort problem er at det har vore ein kraftig auke av vald mot kvinner etter stenginga. – Dette er ein dag der vi set søkjelyset på rettane til jenter over heile verda, spesielt med tanke på covid-19. Mange opplever meir vald heime, får ikkje gått på skule som ofte er fristaden deira, einsemd og lite kontakt med venner, sa statsminister Erna Solberg på den internasjonale jentedagen søndag. I den anledning besøkte Solberg Sisterhoods lokaler i Frogner bydelshus i Oslo. ©NPK