Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil lette byrda for studentforeldre

FORELDRE: Studentar bør tene opp rett til foreldrepermisjon, og studentar med barn bør få studiestøtte for alle månader i året, meiner Ap. Dette er blant forslaga Arbeidarpartiet legg fram når dei fredag presenterer den nye strategien sin for høgare utdanning. Stortingsrepresentant Nina Sandberg (Ap) har leidd arbeidet med den nye strategien. Ho håpar forslaga kan oppmuntre fleire til å få barn tidlegare. Ap-politikaren viser til at statsminister Erna Solberg (H) har sagt seg bekymra for at det fødast for få barn i Noreg til at velferdsmodellen kan vidareførast. Sandberg kan ikkje svare på om desse ordningane skal knytast til Nav eller Lånekassen.©NPK