Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NHO-etterlysing om nasjonal industristrategi får gehør:

Har dårleg tid

OPEN: André Skjelstad i Venstre (midt i biletet) ønskjer ein statleg industriplan for grøn omstilling velkomen. Her frå landsmøtet i Venstre i 2019 saman med Jon Gunnes.FOTO: JO RØED SKÅRDERUD Jo Røed Skårderud

GOD IDÉ: Både blant regjeringspartia og i opposisjonen er det stemning for å gå i gang med ein nasjonal industristrategi.

– Me skal passa oss vel for ikkje å sova for lenge i timen når det gjeld. Me har hatt olja vår. Det har gjort at me har kunna tenka annleis, men det er inga tvil om at me må vera på no. Me er nøydde til å gjera dei naudsynte grepa, seier André Skjelstad, som sit i næringskomiteen på Stortinget for regjeringspartiet Venstre.