GOD IDÉ: Både blant regjeringspartia og i opposisjonen er det stemning for å gå i gang med ein nasjonal industristrategi.
– Me skal passa oss vel for ikkje å sova for lenge i timen når det gjeld. Me har hatt olja vår. Det har gjort at me har kunna tenka annleis, men det er inga tvil om at me må vera på no. Me er nøydde til å gjera dei naudsynte grepa, seier André Skjelstad, som sit i næringskomiteen på Stortinget for regjeringspartiet Venstre.