Tidleg i juni blei eg far til ein gut som heiter Edvard, og sidan då har eg sunge og sulla meg gjennom alle versa i bygdevisa ‘Kor er hammaren, Edvard?’ minst eit hundretals gongar. Sant å seie hadde eg ikkje noko forhold til visa frå før, men så snart guten hadde fått namn, kom songen liksom drypande ned gjennom generasjonane, strofe for strofe, vers for vers: «Kor er hammaren, Edvard? / Du treng han vel no / når døra skal spikrast igjen? / For i utbygda, Edvard, skal ingen mann bo. / Du skal reise til byen, min venn».
Eit kor: Det stig fram lågmælt og rik poesi frå Marit Kaplas kjøkkenbordsamtalar i Värmland.