Den tid radioanevar polerte trekassar med mystisk lys på baksida, skal to brør ha rive sund den som stod heime i stova hos dei, for å finna Alf Prøysen. Det blei fortalt med stor sympati, for om tiltaket var aldri så fåfengt, var det lett å skjøna kva som dreiv dei. Alle ville ha ein bit av denne lystige villmannen som dukka opp frå folkedjupet i kvar einaste ønskjekonsert, med tonar og tekst som gjekk rett i hjarterota.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.