- Onsdag kveld spelte David Atalanta Champions League-kvartfinale mot Goliat Paris Saint-Germain. Atalanta fekk inn det første slyngjeskotet, men makta ikkje å halde det heilt inn. PSG slo tilbake med to mål i sluttminutta. Ressursane i fotballen er mildt sagt skeivt fordelt. Rike russarar og indarar kjøper seg leiker, amerikanarar gjer business. Men PSG, dei er statleg eigd av røvarstaten Qatar, som har brukt over 10 milliardar kroner på å hente det dei kan av spelarar. Qatar-VM kjem til å koste 1500 milliardar, men endå verre har det kosta titals menneskeliv og slavetilstandane på byggjeplassane.
David
Dagboka