Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hurtigruten vil ikkje love at granskinga vert offentleg:

Skalkar lukene

SOM ØSTERS: Konsernsjef i Hurtigruten Daniel Skjeldam har lova «grenselaus ærlegdom» om feila dei har gjort, men no er både Hurtigruten og selskapet dei har leigd inn til å granske seg sjølve tause. FOTO: ANNIKA BYRDE, NTB SCANPIX Annika Byrde

LUKKA: Hurtigruten lovar svar når granskinga er klar. Men når det er, om rapporten vert offentleg og kva mandat granskarane har, vil ingen seie.

Hurtigruten lovar «grenselaus ærlegdom» samstundes som dei gjev tilsette munnkorg, og ulike variantar av «saka skal granskast eksternt og vi vil vere opne og ærlege om alle feil vi har gjort» har versert frå Hurtigruten når dei svarar media om nye problem på koronaskipet MS Roald Amundsen.