Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tilsette på MS Roald Amundsen sitt fast på sjette dagenFår ikkje vite når dei kan gå i land

Mannskap med munnkorg

LANDLOVSNEKT: Ekspedisjonsskipet Roald Amundsen ligg no til kai i Tromsø, og dei tilsette får verken gå i land eller snakke med pressa. FOTO: RUNE STOLTZ BERTINUSSEN, NTB SCANPIX Rune Stoltz Bertinussen

TAUST: Konsernsjefen i Hurtigruten seier at selskapet skal vere «grenselaust ærleg». Men mannskapet om bord på MS Roald Amundsen får ikkje snakke med pressa.

MS Roald Amundsen har lege til kai ved hamna i Tromsø sidan fredag 31. juli. Det er same dag som Hurtigruten sende ut pressemelding om at fire tilsette ved ekspedisjonsskipet har testa positivt for koronaviruset. På ekspedisjonsskipet er det ifølgje Hurtigruten 158 besetningsmedlem som er koronatesta og i karantene på sjette dagen.