KVOTE: Regjeringa innfører ei mellombels ordning der fartøy får overført inntil 10 prosent av torskekvoten frå 2020 til 2021 på grunn av koronautbrotet. Kvoteoverførsla skjer som følgje av at organisasjonane til fiskenæringa har etterspurt dette for å redusere utfordringar i marknaden, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding. – Moglegheita til å overføre kvoten vil gi større fleksibilitet for kvar enkelt fiskar, slik at dei kan tilpasse seg situasjonen der det har vore svikt i etterspurnad av fisk, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H). Ordninga omfattar torsketrålarar, seitrålarar og fleire andre fartøy. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Pengane
Dagboka
- Denne helga vann Istanbul Basaksehir serien i Tyrkia. Det er ein gamal kommunal klubb skipa for 30 år sidan som endeleg tok steget opp og vart éin av berre seks klubbar som har vunne den tyrkiske ligaen. Det høyrest ut som ei vakker oskeladdsoge om den vesle klubben som hamlar opp med gigantane. Det er det motsette. Basaksehir er ein klubb så hata at han kan sameine dei verste supporterkonfliktane i Istanbul og med det i verda. Basaksehir er ein gjennompolitisert klubb med den viktigaste tilhengjaren ein kan ha: president Recep Tayyip Erdogan. Mannen til niesa hans er president av klubben, hovudsponsoren er eit universitet grunnlagt av helseministeren.