Under krigen blei mange nordmenn og tyskarar gode vener. Sidan kom det år om anna brev med prydeleg fraktutskrift der somme ord var streka under med raudt, om at gamle Jacob Mohr var ventande til sommaren. Trass i høg alder og tung kropp arbeidde han fulle dagar i høyonna, og sjølv om ingen eigentleg skjøna seg på han, var han alltid velkomen. Sigarlukta etter han hang igjen heilt til jul, saman med minnet om all den herlege sjokoladen han hadde med.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.