Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sett i bakspegelen blir alt som ein har køyrt forbi, forunderleg klart.

Overgangsalder

Mor var med i eit politisk utval og i sin fulle rett til å møta opp på den siste skuledagen i fjerde klasse. Ho sat på ein stol oppe ved kateteret, blid i fjeset og fin på håret, med pene legger og spisse skor, nesten som ei filmstjerne. Moten hadde nettopp skifta frå leggsid til knekort, og mor var ei av dei første til å ta konsekvensen av det.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.