Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hunger Games: Korleis blir ein ung mann despot? Suzanne Collins greier ikkje heilt å svara, eller å fornya sin eigen seriesuksess.

Naturtilstanden

SAMVITSLAUS: Donald Sutherland som Coriolanus Snow i den (hittil) siste filmen om dødslekene – «The Hunger Games: Mockingjay del 2». © FOTO: NORDISK FILMDISTRIBUSJON Murray Close

«Dødslekene», Suzanne Collins’ brutale dystopi frå eit despotisk USA etter det økologiske samanbrotet, er blant dei mest populære ungdomsromanane på denne sida av tusenårsskiftet. Gjennom tre bøker, «Dødslekene» (2008), «Opp i flammer» (2009) og «Fugl Fønix» (2010), skildra Collins korleis den illusjonslause 16-åringen Katniss Everdeen motviljug vart eit revolusjonsikon. Heltinna samla fans på tvers av populærlitteraturens rigide kjønns- og sjangerskilje: Katniss er både attraktiv og ettertrakta, men hennar innfløkte kjærleiksliv kjem i andre rekkje for det sjølvpålagde ansvaret som familieforsørgjar for mora og veslesøstera. Den bogeskytande «survivalisten» vil kjempa til døden for sin sveltande familie, ei haldning som – gjort offentleg – har politisk sprengkraft i eit diktatur.