KINDEREGG: Først stoppa korona den siste investeringa på Husnes, nye EU-reglar er i uvissa, og auka nettleige trugar no aluminiumsgiganten Hydro.
Inst i ein fjord, ved eit fossefall, vaks eit norsk industrieventyr fram. Langs heile kysten ligg kraftkrevjande industri som hjørnesteinane i Husnes, Årdal, Ålvik, Svelgen, Høyanger og fleire til. Metallverka til Hydro åleine har om lag 2000 tilsette.