DYSTERT: På Stord ser det mørkt ut om ikkje det kjem krisehjelp til oljeindustrien. På verftet trur dei ikkje på grøne skogar utan det svarte gullet.
Kværner Stord og Leirvik AS er hjørnesteinsverksemdene på Stord og har tusenvis av tilsette. Hjå Leirvik AS er anleggshallane tomme medan Kværner driv verftet med noko lågare aktivitet. Men i 2022 er det slutt, om det ikkje kjem inn nye oppdrag.