Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringas iskant får gehør i olja

GRENSER: Forslaget frå regjeringa om definisjon av iskantsona i Barentshavet gir grunnlag for vidareføring av næringsverksemd i området, ifølgje Norsk olje og gass. Forvaltningsplanen for dei norske havområda og korleis iskanten skal definerast, var temaet i ei høyring i Stortinget i går. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) foreslår å flytte iskanten til område der det i snitt finst havis 15 prosent av dagane i april. Både LO og NHO slutta opp om regjeringsforslaget til forvaltningsplan og definisjon av iskanten og meinte forslaget er balansert. Andre næringsaktørar, som Fellesforbundet og Industri Energi, var mindre entusiastiske. ©NPK