Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil ha tiltakspakke for fylkesvegar

RASSIKRING: Nasjonal rassikringsgruppe ber om at regjeringa legg fram ein eigen tiltakspakke for rassikring av fylkesvegnettet i Noreg. I brevet til samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) ønskjer Nasjonal rassikringsgruppe tiltakspakken «for å komme raskt i gang med prosjekter som er klare for å starte opp innenfor en relativt kort tidshorisont». – Vi har inga tid å miste. Behovet er så omfattande at det er svært vanskeleg for fylkeskommunane å planleggje investering og drift ut frå dei rammene ein i dag disponerer, seier leiar i gruppa Jenny Følling (Sp). Gruppa vil at Samferdseldepartementet skal gå i direkte dialog med fylkeskommunane. ©NPK