Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FELLESSKAP

Landsby i skyene

Knut løvås

Det finst småbyar som alltid har opne dører.

Mange vil hugsa historia om Mats Steen, den unge mannen med Duchennes muskeldystrofi, ein sjeldan sjukdom som fører til muskelsvinn og tidleg død hjå gutar. Mats sat i rullestol frå han var åtte år og kunne ikkje ta del i vanleg leik og sosialt liv med klassekameratar og vennar. Foreldra såg eit liv i isolasjon og einsemd, men var forundra over at Mats sjølv så ofte var glad. Grunnen til dette var at Mats i mange av døgnets timar transformerte seg til Lord Ibelin Redmoore og drog til planeten Azeroth – ein planet med kontinent og land, hav og skogar, byar og landsbyar. Men dette fekk ikkje foreldra vite før folka frå den planeten dukka opp i gravferda hans.