«Klipp håret og få deg arbeid!» Den gamle formaninga har meldt seg, medan vi har hatt høve til å studera den veldokumenterte framvoksteren av Abid Rajas koronasveis. Samstundes som resten av regjeringskollegiet har snakka om reproduksjonstal og online-undervising, har kulturministeren snakka om håret. Men sist veke stod vår udiskutabelt mest sveisne regjeringsmedlem først i køen, då frisørane opna att. Og sanneleg: Han hadde ikkje før gått nyklipt ut der frå, før han kom med årets mest kjærkomne kulturpolitiske utspel, nemleg at det ikkje blir noko av regionreforma på kulturfeltet!
Abid Raja må skapa, ikkje berre skrota politikk.