Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Endringspotensialet i det norske folket er meir omfattande enn me visste.

Koronisk

Det homeriske storverket Iliaden opnar med at ei ung jente er teken til fange av grekarkongen Agamemnon. Far hennar, ein trojansk prest, går til kongen og bed om å få henne utlevert, men alt han får, er utskjelling og trussel om juling. Mens han dreg seg forskrekka tilbake, påkallar han guden Apollon, som kjem farande ned frå Olympen og tek til å skyta med pil og boge på dei greske krigarane: «Fælsleg skrall det då i den darrande sølvbogestrengen». Og soldatane døyr i hopetal.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.