FALL: Kvinner i privat sektor er meir råka av permitteringar enn menn. – Ingen tvil om at krisa har eit kvinneansikt, seier Anette Trettebergstuen (Ap).
Kvinner er hardare ramma av permitteringar enn menn. Det syner ein rapport om arbeidsløyse under koronakrisa utarbeida av Frischsenteret, Statistisk sentralbyrå og Nav. Det er privat sektor som i hovudsak er ramma av permitteringar.