Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sigeren

  • «Tap og vinn med same sinn» er ein tullete floskel. Eg elskar å vinne, for kven gjer ikkje det, og dette er ei historie om å vinne. For vel 15 år sidan var eg på Gothia cup i Sverige med min kjære Nordhordland ballklubb. Vi var 15 år gamle og på tur til utlandet utan foreldre. Det var lukka. Første kampen var mot BK Häcken, Göteborg-klubben som arrangerer cupen og har vunne han flest gongar. Vi nordhordlendingane hadde fått oss noko så eksotisk som kebab og låg på graset og åt før kampen. No får ein kjøpt slikt i Knarvik òg, men den gongen var det berre å få i byn. Knapt det.