Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kompass

  • Samfunnsdebattanten, meint i ordets verste forstand, Sanna Sarromaa, elskar å gjere seg synleg i det norske ordskiftet. Som finne likar ho å kome med sitt kontrære utanforstandpunkt og fortelje oss nordmenn sanninga som vi ikkje greier å sjå sjølve. Sist var problemet det norske språket, som ikkje er like straumlineforma og enkelt å lære seg som finsk. Den norske skulen er også dårleg. Tidlegare i år fekk kvensk gjennomgå. Norskfinnane, som feirar dagen sin i dag, snakka berre det Sarromaa kalla ein utdatert, finsk dialekt. Det er så klart heilt feil, og ho fortel om eit jobbintervju i Troms der ho la fram sin avsmak mot kvensk og at dei burde lære seg finsk i staden. Stakkar henne, så fekk ho ikkje den jobben.