Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kreket

  • Mulla Krekar kom til Noreg som kvoteflyktning i 1991, og sidan staten oppheva flyktningstatusen hans i 2002 og vedtok utvising i 2003, har det gått ein kamp om å få han ut av landet. Det var ei kampsak i mange år for Framstegspartiet, og vedtaket kom tre veker etter dei gjekk ut av Justisdepartementet dei styrte i seks år. Han har vore i tingretten, lagmannsretten, jamvel Høgsterett. Alle har gjeve staten medhald, men Noreg viser ikkje ut folk til land dei risikerer dødsstraff i. I fjor vart Krekar dømt til tolv års fengsel i Italia, og der har dei ikkje dødsstraff. Dit vert «Kreket» sendt innan fire veker, om det ikkje kjem ein klage. Og kjenner vi Brynjar Meling rett, kjem det nok ei lita klage. Så klart skal ikkje Noreg utvise folk til land dei risikerer dødsstraff i. Så klart skal alle menneske ha rettar og høve til å prøve dei rettane. Også Krekar.
Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production