NY VÅR: Frp, Venstre og KrF bykser fram etter Frps regjeringsexit. Både Høyre og Ap sliter kraftig.
Det er store forrykninger i landskapet på Klassekampens første stortingsmåling etter at Frp sa morna til Erna Solbergs regjering.
50 ER DET NYE 40: Regjeringa skjerpar Noregs klimamål for 2030 til minst 50 prosent, med moglegheit for å gå opp mot 55 prosent. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V), finansminister Jan Tore Sanner (H) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) presenterte det nye klimamålet på ein pressekonferanse fredag. FN har sett søndag 9. februar som frist for innmelding av oppdaterte nasjonale klimamål under Parisavtalen frå 2015. I dag har Noreg som mål at utsleppa av klimagassar skal reduserast med 40 prosent frå 1990-nivå innan 2030, i samarbeid med EU. Noreg melde dette målet inn til FN i juni 2016 og lovfesta det året etter. ©NTB