Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Seier nei til gigantmaster i Oslo

MONSTERMASTER: Statnetts plan har sett sinna i kok blant fleire innbyggjarar og politikarar i Oslo og Bærum. Måndag vedtok byrådet i Oslo å seie nei til utbygginga. For å halde tritt med folketalsveksten må straumnettet i hovudstaden oppgraderast for å sikre forsyninga av energi i framtida. Gjennom Nettplan Stor-Oslo ønskjer Statnett å byggje opptil 38 meter høge straummaster gjennom delar av Bærum og Oslo vest. Dagens master er 21 meter høge. Når nettet skal oppgraderast, må desse bli rivne, og spørsmålet er om dei skal erstattast av dobbelt så høge master eller bli lagde i bakken. ©NPK