«Kan dei ikkje berre vere ærlege, seie det som det er og by litt på seg sjølv?» Me går alle og frustrerer oss litt eller mykje over politikarar som berre skal gli rett inn i dei ferdiglaga rollene, at dei er maskiner som gjer det pr-rådgjevarane har funne ut passar best. Og er det nokon som eigentleg trur på den latteren til Trygve Slagsvold Vedum? Då er det forfriskande med dei som slepp alle hemningane og berre er seg sjølv.
PÅ KAIA: To ferske ministrar på tur. FOTO: OLE BERG-RUSTEN, NTB SCANPIX Ole Berg-Rusten
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) reiste tysdag til Møre og Romsdal, der det dei siste vekene har vore motstand mot auka ferjeprisar.