Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Selvportrett» er ein filmatisk rik, innsiktsfull og helsepolitisk viktig film om ein paradoksal sjukdom.

Om kunsten og om kroppen

BAK KAMERA: Lene Marie Fossen døydde av hjartesvikt i fjor, 33 år gammal. «Selvportrett» føljer henne frå ho som 28-åring står på terskelen til ein fotokarriere. FOTO: ESPEN WALLIN, SPERANZA FILM

Eit uvanleg talent med uvanleg sjølvinnsyn.

(Noreg, 2020)

Regi og manus: Margreth Olin, Katja Høgset, Espen Wallin

Med: Lene Marie Fossen, Morten Krogvold, Torill Fossen, Geir Fossen

Lengde: 1 t. 18 min.

«Selvportrett» er eit minnebilde som let oss møta eit desperat menneske med ein urovekkjande paradoksal sjukdom: Fotografen Lene Marie Fossen svelta seg av psykologisk naudsyn, samstundes som ho var fullt ut medviten om at den alvorlege, sjølvpåførte underernæringa var livstrugande. Det smertefulle paradokset kjem til uttrykk i dei på alle vis gripande fotoa ho tok av sin eigen uttæra, men uutvikla olding-barnekropp (Sjukdommen hindra henne frå å koma i puberteten).