Om kunsten og om kroppen
«Selvportrett» er ein filmatisk rik, innsiktsfull og helsepolitisk viktig film om ein paradoksal sjukdom.

(Noreg, 2020)
Regi og manus: Margreth Olin, Katja Høgset, Espen Wallin
Med: Lene Marie Fossen, Morten Krogvold, Torill Fossen, Geir Fossen
Lengde: 1 t. 18 min.
«Selvportrett» er eit minnebilde som let oss møta eit desperat menneske med ein urovekkjande paradoksal sjukdom: Fotografen Lene Marie Fossen svelta seg av psykologisk naudsyn, samstundes som ho var fullt ut medviten om at den alvorlege, sjølvpåførte underernæringa var livstrugande. Det smertefulle paradokset kjem til uttrykk i dei på alle vis gripande fotoa ho tok av sin eigen uttæra, men uutvikla olding-barnekropp (Sjukdommen hindra henne frå å koma i puberteten).
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent