Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ansvar: Kjenslene ligg både utanpå og inn i mellom tinga i Kristin Auestad Danielsens nye dikt.

Nærverda

Litteratur

Kristin Auestad Danielsen

Sterke kjensler og andre dikt

Litteratur

Samlaget 2019, 78 sider

Kristin Auestad Danielsen har skrive leikande, friske dikt sidan debuten «Alle i Norge, i tre, i hengekøyer» (2005). Sjølv har eg teikna mange stjerner i den rare diktboka «Nynorsken» (2007), med dette frimodige mottoet på baksida: «Nynorsken, c’est bon!» Mest merksemd har ho fått for «Merk mine ord, åleinemor» (2012), den førre diktboka ho gav ut. Mellom då og no har ho skrive ein roman, «Vår vesle» (2018), som også blei sett opp på Det Norske Teatret parallelt med boklanseringa.