Kristin Auestad Danielsen
Sterke kjensler og andre dikt
Litteratur
Samlaget 2019, 78 sider
Kristin Auestad Danielsen har skrive leikande, friske dikt sidan debuten «Alle i Norge, i tre, i hengekøyer» (2005). Sjølv har eg teikna mange stjerner i den rare diktboka «Nynorsken» (2007), med dette frimodige mottoet på baksida: «Nynorsken, c’est bon!» Mest merksemd har ho fått for «Merk mine ord, åleinemor» (2012), den førre diktboka ho gav ut. Mellom då og no har ho skrive ein roman, «Vår vesle» (2018), som også blei sett opp på Det Norske Teatret parallelt med boklanseringa.