Kvinnelege universitetstilsette klagar ofte, og med god grunn, på diskriminering på arbeidsplassen. Dei får sjeldnare artiklane sine publiserte og blir meia ned i faglege samtalar. Har dei sagt noko klokt, er det nesten alltid ein mann som tek æra for det. Sjølvhevdande førelesarar får beundring dersom dei er menn og kritikk dersom dei er kvinner. Trass i at dei fleste studentar er jenter, er dei fleste professorar menn.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.