Dagboka
Folkefest
- Rundt år 1050, om lag 20 år før kong Olav Kyrre som kjent grunnla Bergen, grunnla kong Harald Hardråde Oslo. Difor feira Oslo 900-årsjubileum i 1950. Men så grov dei litt meir og fann ut at byen var litt eldre og feira 1000-årsjubileeum i 2000. I 1924 feira byen 300-årsubileum for oppbygginga etter bybrannen i 1624, mellom anna med å gje byen nytt namn og flagg. Ei rikhaldig festhistorie, og på den same tida har Bergen berre feira 900-årsjubileum i 1970. Det var rett nok ein skikkeleg fest, seier dei som var der. Eit nøkternt bergensk folkeferd er no i gang med å planleggje 950-årsfolkefesten i 2020. På klassisk bergensk vis, kontrar dei megalomane Fest-Oslo med å dyrke litt lokal mat og ha nokre samlingar i bydelane som jubileum. Treng ikkje vere nokon stor folkefest, meiner dei.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn