Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I Bokåret 2019 er papirboka ein framand teknologi i norsk skole.

Helpdesk 2019

Komikarane Øystein Bache og Rune Gokstad skapte i 2007 eit internettfenomen med sketsjen «Helpdesk i middelalderen». Her prøver ein framoverlent munk å hjelpa ein tungnæm ordensbror med overgangen frå pergamentrull til bok: Korleis får han opna dokumentet når han ikkje kan rulla? Korleis skal han koma tilbake der han var, når han har bladd om? Og kor blir det av teksten når han lukkar permane? Sketsjen tar rettleiing i pc-bruk på kornet. For dei som starta digitaliseringa med MS-DOS og WP, er det lett å kjenna seg att i begge rollene.