Mímir Kristjánsson
Mamma er trygda
Litteratur
Kagge forlag 2019, 189 sider
At foreldre er eit enormt tema i litteraturen, som vekkjer engasjement igjen og igjen, er ikkje rart, gitt at dei er vår første og mest formative – og potensielt mest kompliserte – kjærleik. I det verkelege liv er det derimot vanskeleg å mønstre interesse for dei emosjonelle drama som utspelar seg mellom kjenningar og deira ytre sett heilt ordinære foreldre. Det kan vere fordi få tør å røpe kor såre kjenslene i relasjonen faktisk er – det må avstand til før ein tør å setje ord på det, enten det er fiksjonen eller det endelege skisma: døden.