Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Idet Jon Fosse fyller 60 år, vinn prosaen hans ny interesse i utlandet.

Fossefest

JUBILANT: Jon Fosse. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN Christopher Olssøn

Eg har lenge vore klar over at Jon Fosse er ein av dei største nolevande norske forfattarane, med ein omfattande forfattarskap i mange sjangrar, med prisar og publikum rundt om i verda, årlege nobelprisspekulasjonar og æresbustad i Grotten. Men først då eg kika på den siste gjendiktinga hans, gjekk det verkeleg opp for meg kva slags posisjon han har fått: På framsida til «Sebastian i draum», ei diktsamling av den austerrikske poeten Georg Trakl, står ikkje berre tittel og diktarnamn, men også namnet til gjendiktaren med store bokstavar, og inne i boka er det portrett av både Fosse og Trakl. Ei verdig synleggjering av den vanskelege gjendiktargjerninga!