Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Splitta

  • For mange av oss er Bybanen i Bergen ein kjærkomen måte å reisa på. Banen er punktleg, står ikkje i biltrafikken og går relativt ofte. No er arbeidet med å utvida banen i retning Fyllingsdalen i gang. Banen skal blant anna få stopp på ein av byens største arbeidsplassar, Haukeland sjukehus. Mange vil garantert setta pris på den nye linja når ho opnar i 2022. Samstundes er det mange i Bergen som meiner at Bybanen er det mest idiotiske prosjektet som er sett i gang. Kardemommetrikk og somletrikk, kallar kritikarane Bybanen, som dei meiner er eit stort pengesluk med liten nytteverdi. Dei roper på bussar.